Duke Ellington

Article on other languages:

del.icio.us del.icio.us
Digg Digg
Furl Furl
Reddit Reddit
Rojo Rojo
Add to OnlyWire
Duke Ellington i Tyskland 6. februar 1965
Ellington tek i mot Presidentens fridomsmedalje frå president Nixon i 1969

Edward Kennedy "Duke" Ellington, og kjend som «The duke of Ellington», (29. april 189924. mai 1974) var ein amerikansk jazzkomponist, pianist og orkesterleiar. Ellington er ein av dei mest betydningsfylle personlegdomane innan jazzen si historie.

Barndom

Duke Ellington vart fødd i Washington, D.C. den 29. april 1899 . Foreldra hans, James Edward Ellington og Daisy Kennedy Ellington spela begge piano og sørga for at sonen fekk pianoundervisning frå han var 7 år. På den tida var han meir interesert i baseball enn musikk. i sjølvbiografien Music is my mistress frå 1973 hevdar Ellington å ha gå glipp av fleire pianotimar enn dei han tok. Han følte pianospeling ikkje var talentet hans. Etter kvart forandra den haldninga til musikken seg. I ein alder av fjorten, sneik han seg inn på «Frank Holiday's Poolroom» der han etter å ha høyrt andre spele piano, fekk ei ny glød for instrumentet og tok pianoundervisninga meir seriøst.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.